Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Hittegods

Har du mista eller gløymt noko på reisa? Sjå korleis du søkjer etter hittegods, registrerer ein sakna gjenstand og kontaktar rett stad.

Chat - alt om hittegods

Søk og rapporter sakna gjenstandar

Har du mist noko på Oslo, Bergen, Bodø, Tromsø, Trondheim eller Stavanger lufthamn?

  • Bruk hittegodsordninga MissingX for å søkje/rapportere det du mista.  
Andre alternativ:
  • Ta kontakt med hittegodskontoret på flyplassen for å høyre om det er levert inn der. 
  • Viss det ikkje enno er levert inn, kan du ta kontakt med bagasjeansvarleg i flyselskapet på flyplassen - sjå kontaktinformasjon nedanfor. 

Hvis du har mista eller gløymt noko på reisa di:

Mista noko ombord på flyet?

Gjenstandar som er gløymde att på flyet, blir leverte til flyplassen si hittegodskontor - sjå kontaktinformasjon nedanfor.

Mista noko på veg til eller frå flyplassen?

Gjenstandar som er miste på toget på veg til eller frå flyplassen, må sporast opp gjennom den aktuelle transportoperatøren, t.d. Flytoget eller ekspressbussen. 

Kor lenge blir gjenstandar oppbevart?

Gløymde gjenstandar blir oppbevarte på hittegodskontoret i tre månader. Dersom dei ikkje blir henta, blir dei sende vidare til Fretex eller til politiet sitt hittegodskontor. 

Hva om eg har forlate flyplassen?

Har du mista noko på Oslo, Bergen, Bodø, Tromsø, Trondheim eller Stavanger lufthamn?

  • Bruk hittegodstenesta MissingX for å søkje/rapportere det du mista.  
    Dersom gjenstanden blir funnen, kan du velje om du vil hente han på flyplassen eller få han send heim.

Andre alternativ:

  • Ta kontakt med hittegodskontoret på flyplassen, eller bagasjeansvarleg i flyselskapet - sjå kontaktinformasjon nedanfor. 

Mista innsjekka bagasje?

Hvis bagasjen din ikkje kom fram, er forseinka, skadd, eller du har teke feil bag frå bagasjebåndet, må du kontakte flyselskapet sin bagasjeansvarlege på flyplassen.

Kva kostar det å få utlevert hittegods?

Ved utlevering av hittegods påløper eit gebyr på 200 kr. Gebyret bidreg til å dekkje kostnader knytte til innsamling, oppbevaring og utlevering av gjenglemde gjenstandar.

Kontakt hittegodskontoret på Oslo lufthamn:

Registrer og finn den mistelte gjenstanden din på MissingX
 

Kontakt hittegodsavdelinga

Hittegodsavdelinga på Oslo lufthamn er plassert ved 
innsjekkområde #1 i avgangshallen.




Telefon:  64 81 34 77


Opningstider skranke: 

06:00–22:00


Opningstider telefon:

10:00–16:00 

Sakna bagasje?
Kontakt flyselskapet du reiste med