Innsjekking
Finn ut når du bør møte på flyplassen, kvar og korleis du sjekkar inn, og korleis du leverer bagasjen før avreise.
Nyttig informasjon:
Når må eg vere på flyplassen?
Sjekk oppmøtetida du har fått frå flyselskapet ditt. Mange flyselskap tilrår at du møter opp minst 2 timar før avreise.
Kvar kan eg sjekke inn?
Følg skilta til innsjekkingsområdet. Sjå på skjermane i avgangshallen for å finne rett innsjekkingsskranke. Har du allereie sjekka inn og berre reiser med handbagasje, kan du gå direkte til tryggleikskontrollen.
Innsjekking på nett og mobil
Mange flyselskap tilbyr innsjekking på nett eller mobil - det er ofte enklare og raskare enn å gjere det på flyplassen! Sjå nettsidene til flyselskapet for meir informasjon.
Innsjekking via automat
Du kan sjekke inn på ein automat i innsjekkingsområdet. Her kan du velje sete, skrive ut boardingkort og bagasjelapp. Deretter leverer du bagasjen ved bag drop.
Sjølvbetent bagasjeinnlevering
Skriv ut bagasjelapp på ein innsjekkingsautomat i avgangshallen. Fest bagasjelappen på kofferten og lever bagasjen ved den sjølvbetente bagasjeinnleveringa. Vektgrensa for bagasje som kan leverast på bagdrop, kan variere mellom dei ulike flyselskapa. For informasjon om kva vektgrenser som gjeld for di reise, tilrår vi at du tek direkte kontakt med flyselskapet. Ryggsekkar med lause remmar skal leverast ved ein betent skranke.
Tryggleikskontroll
Ha boardingkort og reisedokument klare før kontrollen. Sørg for at handbagasjen berre inneheld tillatne gjenstandar.