Dronekart
Avinor sitt dronekart viser kvar du har lov til å fly drone. Dronekartet viser forbodssona på fem kilometer rundt kvar lufthamn, der du treng løyve frå den lokale lufttrafikktjenesta for å fly drone. Dronekartet viser òg dronereglar og kontaktinformasjon til alle lufthamner.

Klikk her for å komme til Avinors dronekart.
Ved ei rekkje lufthamner kan du bruke droneappen NinoxDrone2 for å søkje om løyve til å fly drone innanfor forbodssona til ei lufthamn.
Lufttrafikktjenesta vurderer alle førespurnader om droneflygingar opp mot trafikkbiletet på lufthamna. Ved å søkje om løyve til å fly drone innanfor forbodssona får lufttrafikktjenesta kjennskap til kvar du skal fly, kor lenge, i kva høgd og ikkje minst kontaktinformasjon til deg som dronepilot slik at dei kan varsle dersom det er behov for å ta ned drona, til dømes på grunn av ein luftambulanse eller redningshelikopter.